onsdag 14. september 2011

Tullebok....

Anne B Ragde er i vinden, og på folkebiblioteket har me lange ventelister på den nye romanen hennar "Jeg skal gjøre deg så lykkelig".  Eg hadde igrunn ikkje store tenkt å lesa den, men så stod ho her, då: ledig i hylla på skulebiblioteket. Eg tok ho med meg heim, og eg las!


Handlinga er lagt til Trondheim midt på 60-talet. Me vert kjende med eit knippe ulike menneske som bur i ei ny bustadblokk.  Me får innblikk i dei heimeverande husmødrene sin kvardag og det går mykje i reinhald og matlaging. Eg innrømmer at eg vart inspirert til å klora fillenen mine og koka dei opp på "gamlemåten" litt for moro, men dette var det EINASTE boka gjorde for meg.
Den var lettlest, så det tok ikkje lang tid å pløga gjennom dei knappe 290 sidene. Den første delen av boka syns eg var velskriven. Både innhaldet og stemninga i denne delen var prega av ein behagelig ro. Men så kom eit skifte, og boka tapte seg. Slutten verkar nesten som eit hastearbeid...
No var eg vel krass, kanskje...men dette var ikkje boka for meg.
Den va heilt grei og underhaldande til ein viss grad - kvar kjem ventelistene frå? Eg veit om MANGE bøker som er meir verd å venta på enn denne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar