fredag 30. desember 2011

Etterpå varer så lenge

Eg gråt og eg lo og eg gråt endå litt meir! 



Har du lengta nokon gong? Lengta sånn sikkelig, sånn at det verkar i heile deg?
Boka "Etterpå varer så lenge" (av Karin Kinge Lindboe) handlar om å sakne og å lengte. På skikkelig. 

Det var alltid Benny og Stella, dei to i eitt og alt,  men så døydde Stella. Midt i 10.klasse.  Ho har vore død i  tjueto dagar og Benny klarar ikkje fleire dagar utan Stella.  ALT minnar om Stella, og Benny skal aldri! aldri! aldri! gløyma besteveninna si.  Det er ein trykkande stemning i klasserommet. Stella sin pult er tom. Det har blitt eit tomrom etter henne som ikkje kan eller skal fyllast.
Men så dukkar Sara opp. Vakre, blide og flinke Sara - den nye jenta i klassen - eit naturleg midtpunkt.  Dette blir ein kjempeutfordring for Benny. Ho legg Sara for hat. Men det er ikkje Sara ho hatar eigentleg....ho hatar det at Sara ikkje er Stella.

Herlighet for ei intens forteljing dette var! Den er enkelt skrive, men på ingen måte enkel! Og eg vart så imponert over ungdomane i denne boka. Dei snakkar så fint (og voksent) om livet og kjenslene...sukk!

I tillegg til hovudhistorien, fr me ein liten (stor) dose kjærleik og ei fin fortelsing om ei mor som prøver å finna sin plass i livet til tenåringsdottera si. Nydeleg!

Anbefalar deg å lese boka!
Eg trur den er meint for ungdomskuleelevar. Eg trur den passar perfekt for ungdomskuleelevar! 

tirsdag 27. desember 2011

GRATIS KYSS I MØRKET


Det er jul og deilig ro i huset om morgonen. Eg kan bruka tid på bok. Deilig.
Boka "Gratis kyss i mørket" har eg hatt liggande på nattbordet ei god stund utan å røra den. Den har ei framside som tiltalar meg. No tok eg ho fram og vart oppslukt med ein gong.

Det handlar om Rask. Han er heimlaus og eg tenker meg at han er ca 13 år. Han er oppteken av kunst og korleis lyset og skuggane gjer at ting endrar utsjånad. Rask vert kjendt med Billy som er ein gammal uteliggar med leddgikt. Dei prøver å hjelpe kvarandre.
Den dagen krigen bryt ut, søker dei dekning i det offentlege biblioteket. Der møter dei på Max, ein liten tass på 6 år. Han ventar på mor som skal kome å henta han. Mor kjem ikkje. Rundt dei haglar bombene.
Rask, Billy og Max må rømma frå byen. Dei slår seg etterkvart med i ruinane etter ein fornøyelsespark. Dei har ikkje mat, dei prøver å halda seg vekk frå trøbbel. Etterkvart finn dei ei tenåringsjente med ein baby. Dei blir ein "familie" på fem.

Dette er ein sterk og intens historie. Først og fremst om kjærleik. Eg vart rørt til tårer feilre gonger. Spesielt sterkt er det å lesa om korleis Rask  etterkvart elskar Max som sin eigen bror.

Sterkt om å leva der det er krig
Sterkt om å tru på livet sjølv når alt er vanskeleg
Sterkt om kor viktig det er å stå opp forkvarandre
Sterkt om kjærleik

mandag 19. desember 2011

Filmmanuskript


Manus til film har eg faktisk aldri lese før. Men no har eg!
Boka heiter "Babycall" og forfattaren er Pål Sletaune.

Det byrjar fint og enkelt med at ei mor og ein son flyttar inn i ei stor blokk. Dei kjem med taxi og har lite bagasje. Etterkvart forstår me at dei er på flukt frå ein valdeleg mann/pappa. Han må ikkje finna dei. Det visar seg at barnevernet er djupt involvert og at det skal vera ei ny rettsak om kven som skal ha omsorga. Mora er enormt engsteleg. Ho klarar ikkje sova, men må vakta over guten heile tida...
Ho kjem ein dag i prat med ein hyggelig mann som forstår korleis ho har det. Han jobbar på ein elektrobutikk og foreslår at ho skal kjøpa seg ein babycall, slik at ho kan få sova godt om natta.

Babycallen tek inn lydar frå andre stader i blokka. Ho høyrer skumle lydar. Trur ho høyrer drapet på eit barn....

Dette er ein psykologisk thriller. Og den er nervepirrande. Det skjer eindel uforklarlege ting og eg som lesar har ei creeepy kjensle! Eg trudde det skulle vera stress å lesa manus, men det var det ikkje. Snarare var det enkelt og raskt.
Jeg liker!


Filmen har eg ikkje sett, men her er traileren
http://www.youtube.com/watch?v=7IN_sfqJ5RY

Fekk du lyst å sjå den? Eller lesa?

torsdag 15. desember 2011

Blod på hendene



PELSDYR OG KRIM

I boka "Blod på hendene" møter me Kami og dei andre igjen. Kami har ei fantastisk evne til å rota seg opp i farlege situasjonar og drøy kriminalitet. Så og i denne boka (den fjerde). Kami og Bente er blitt med i ei aksjonsgruppe mot pelsdyroppdrett. Dei bryt seg inn på pelsdyrfarmar om natta for å ta bilete av skadde dyr som lir. Deretter vil dei gå til media. Målet er å få slutt på denne næringa.
Ein av aksjonane går ikkje som planlagt. Dei vert oppdaga og må rømme i natta. Kami vert passa opp av ein skummel type i ein mørk bil. Han vil gjerne gi ho skyss heim. Kami slepp unna, men etter denne hendinga får ho stadig truande tekstmeldingar. Kami og aksjonistgruppa vert helde under oppsikt...
Kami er ei tøff jente og pleier ikkje trekkje seg med det første. Ho brenn for det aksjonsgruppa jobbar for og er ikkje redd for konsekvensar. Det diggar eg!  

Kven er den sleske fyren som sender anonyme  meldingar til Kami?  Kven er det som mobbar Grethe? Kvifor får ikkje Kami seg kjærast sjølv om han verkar interessert?

Eit genialt trekk i denne boka er at me får lesa utdrag frå dagboka til Grethe (dottera på pesldyrfarmen). På denne måten får me presentert problematikken med pelsdyroppdrett frå begge sider - og me som lesarar får eit litt meir nyansert syn, kanskje...?
Boka byr på mykje! Den er for det fyrste knallspennande heile vegen(jippi). Problematikken er aktuell. I tillegg får me ei forelsking, ei kidnapping, narkotikaproblem, misbruk av unge jenter og endå meir!
Likar du krim, vert du ikkje skuffa. Bøkene om Kami og Bente kan lesast uavhengig av kvarandre. Eg vil verkeleg anbefala deg å lesa dei alle saman. Magnhild Bruheim skriv godt og drivande, slik ho pleier. Og HURRA, det er på deilig nynorsk!
 =0)

onsdag 14. desember 2011

Bebe



Bente Bratlund har skrive mange flotte forteljingar. No har ho skrive ein til.
Den er utgitt i samarbeid med  Leser søker bok - og den er LETT Å LESA!

Me møter Bebe! Ei kjekk og grei jente som kjenner at ho er litt i skuggen av den perfekte veninna si, Sara. Bebe har ikkje så god sjølvtillit, men ho har ein god nabo som seier små, viktige "visdomsord" kvar dag. Til Fru Almdal torer Bebe å sei korleis ho eigentleg har det. Ho innrømmer at ho er sjalu på Sara og at det var vondt å ikkje bli valgt til å reisa på kurs med Daniel.
Fru Almdal seier at Bebe må finna styrke i segsjølv. Bebe skal få erfara at det skal bli godt å sei ifrå ein dag, seier ho.

Bebe er ikkje sikker.

Dette er rørande, enkelt og engasjerande. Me kjem tett innpå kjenslene til Bebe. Det er kvardagsleg og kjekt! Og ikkje minst lettlest! HURRA!

tirsdag 29. november 2011

"Det trengs ingen Gud for å skape et mirakel"

Popstjerna Miracle har fiksa det! Ho toppar hitlistene og turnerer verda rundt - spelar for fulle hus og lever eit liv andre drøymer om! Det er festar og glans og ho får fleire sider i avisene! Ho er vellukka og vakker og alt er vel fortent...


Rakel er ei kjekk og snill tenåringsjente(16 år) som er aktivt med i det kristne kormiljøet i Bergen.  Ho har ein fin veninnegjeng og ho er litt forelska.
Talentet hennar vert oppdaga på ein konsert med koret. Ho anar ikkje at dirigenten ordnar med audition til Idol.  Ho går rett til topps i den populære talentkonkurransen og  før ho veit av det er ho ein etablert artist! VIPS! Ho må ta mange val som ho eigentleg er for ung til å ta. Ho blir riven med i ein vind og har ikkje eigentleg styringa. Det er ikkje tvil om at ho har eit fantastisk talent, og karriæren hennar er ein einaste stor opptur.
Men ho har gjort ting som ikkje er så bra for ryktet hennar. Dette har pressa sjølvsagt fått nyss i. No må ho framstå som den perfekte stjerna no er. 
Og som svar frå himlen får ho ein mail frå "fortida" med spørsmål om Mirakelet kan koma heim  til Bergen og delta på ein jubileumskonsert for Ten Sing. Det var jo ein uskuldig solist med ei gudegåve i stemma ho eingong var. Dette er den store sjangsen til å gi eit riktig inntrykk.
I tillegg må ho møta ekskjærast og dirigent Johannes att. Dette er ikkje enkelt og me anar at det ligg noko grums under.

Dette er debutromanen til Renate Nedregård, og eg er imponert. Den er godt og enkelt skrive og handlinga er fint bygd opp. Annakvart kapittel er tilbakeblikk til ungdomstida i koret - der me får heile idol-historien. Dei andre kapitla er notid og me får innblikk i stjernelivet som har både gode og vonde sider! Eg hadde trudd at Gud skulle ha ei større rolle i boka. Han er med, men han er ikkje påtrengande.  Dei refleksjonane som Rakel har i forhold til trua si har ein svært logisk og naturleg plass i forteljinga.
Det eg er litt usikker på, er om denne boka er meint som ein peikefinger på korleis det kan gå om "du vel den breie vegen"....Kva trur de?
Det er ein kjekk roman og den går fort å lesa : berre 169 sider!
Set i gang!

mandag 28. november 2011

Gyldig fravær

5 ungdomar er innesperra i ei t-banevogn. Under Oslo. 
-Det er terror, eller?! Det har vore ein voldsom eksplosjon.

Dette er spesielt! Harald Rosenløw Eegskreiv ferdig denne romanen før 22.juli, men med alt frå i sommar friskt i minne, er denne boka heilt i ein klasse for seg!

Me møter Anjo (som søker den rette veggen i livet), Sherpa (som kan springe fort, fort og er småkriminell), Ida (som slit med tvangstankar og tvangshandlingar), Albert (sonen til sjølvaste statsministeren) og Bruno (taggaren) i timane før og etter den grusomme eksplosjonen. Dei har alle sin litt spesielle historie, er alle litt "outsiders". Dei går i samme klasse på vidaregåande og denne dagen skulle dei på ekskursjon. Av ulike årsaker rakk ikkje desse fem den rette banen, og no ser dei ut til å vera dei einaste overlevande...?

Det er godt skrive! Så godt at det gjer heilt vondt. For det er jo ei vond historie. Harald Rosenløw Eeg har skrive mange ungdomsbøker etterkvart, og felles for dei er at eg TRUR på handlinga. Dette kunne jo ha skjedd?! Likeins denne gongen. Han gir meg så gode bilete av dei fem ungdomane at eg byrjar å tru at dei fins.
Og så er det ikkje kvar gong eg les ein actionroman for ungdom, at eg blir tankefull og filosoferer over livet (og døden). Denne boka innbyr til refleksjon. Den er mektig. Me blir så godt kjent med personane. Dei fortel kvar sin heilt ulike historie og trådane deira flettar seg inn i kvarandre på finurleg vis.
Les den. Den er ubehagelig god.