lørdag 24. september 2011

Eg er hekta på Anneli

Hvis du elsker meg
Eg har nevnt det før: 
Anneli Klepp skriv glimrande om og for dei som er sånn cirka 12 år.
Eg hadde gledd meg til denne
Hvis du elsker meg
og eg vart ikkje skuffa! 


Det er rett før sommarferien
Det er Julia - som er sint utan at ho vil det
Det er Georg - som er teit utan å oppfatte det
Det er Anne - som er klok og ganske trist
Det er Jonas - som er sporty og desperat og modig


Dei fire personane strevar med kjærleiken, kvar på sitt vis. At dette er ei bok om kjærleik, seier seg sjølv. Tittelen er ganske tydeleg. Det handlar om kjærleiken mellom vaksne og born, kjærleiken som kjem som ei intens forelsking i 6.klasse og kjærleiken mellom bestevenner. 

Anneli Klepp imponerar meg så veldig (igjen!) - ho har ein enorm evne til å setja seg inn i korleis det er å vera 12 år. Ikkje barn. Ikkje vaksen. Eg trur på dei fire karakterane i boka. Dei er sterke på kvar sine måtar og dei er skildra med respekt. Eg er ikkje i tvil om at forfattaren veit kven ho skriv for. Ho tek barn på  alvor.  Det er dramatisk. Alle hovudpersonane opplever at alt er på sitt verste.


Eg vil ikkje sei meir om handlinga. Den er både vond og fin. 
Boka er god! I starten syns eg det var litt rotete fordi dei fire hovudpersonane har fått kvar sine kapittel og me hoppar litt fram og tilbake. Men etterkvart likte eg akkurat det svært godt. Det var eit lurt triks!
Det er eit vondt fråvær av vaksne i historien, men det er ein lukkeleg slutt. Lukkeleg slutt vil eg gjerne ha. I allefall  i barnebøkene!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar