torsdag 15. september 2011

Fanga i nettet til ein saiko

Ella er 15 år og forelska i Simon som er 16. Alt er deilig og romanstisk og dei skal akkuratt til å kysse. Men så dukkar Saiko opp - ganske tidleg i boka. Fyttigrisen for ein fyr. Men han har jo bil, og han køyrer dei gratis til festar...
Han kan virke nokså uskuldig i byrjinga, ein litt bilgal og tafatt type. Men eg ville aldri vore i Ella sin situasjon!

Eg hugsar godt  at eg og jentene som 16 åringar fekk sitja på med "vaksne" gutar i gamle oplar - att og fram mellom Norheimsund og Øystese. Att og fram. Me syns dei var sære og rare som berre skulle siga i bil time etter time. Sære og rare og  litt spennande (så me var passasjerar) (utan lov heime).
Kanskje det er desse minnene som gjer at eg trur på historien til Linn T.Sunne?  Det gjer eg, verfall!

Saiko heiter eigentleg Steinar, og han køyrer att og fram i den grøne BMW'en sin. Han stiller Ella eit snodig spørsmål:
-Eg lurer på om du vil vere på ein måte...saman med meg. Vere med meg, men utan...kjærastegreier...
Dette er verkeleg far out. Saiko. Vil Steinar ha meg som liksomkjæraste?  Tilbehør i bilen?

Ganske fort klarar han å fange Ella inn i nettet sitt og pressar ho til å vera noko ho ikkje er. Ella som var så glad i byrjinga av boka, får det skikkelig tøft. Ho prøver å finna ut kvifor alle kallar han Saiko, og ho finn historiar om Steinar som ho slett ikkje likar. Det må mellom anna eit dødsfall til før ho klarar å ta fatt på kampen for  å bli fri.

Eg elskar denne boka!

Og so vakker nynorsk! Og so lettlesen! Å, eg jublar for denne "Saiko"!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar