torsdag 22. september 2011

HALLO, elsk meg da

I dag var eg heime med sjuk son, og medan paracet fikk gut til å sova, kunne mor lesa.
Eg likte tittelen
Eg likte framsida
Dette må vel bli bra?


Det handlar om Nora. Ho har ingen store problem, ingen særskilde talent...ingenting! Ho er 17 år og aldeles alminnelig - i allefall i eigne auge. 
Ho vil gjere bli sett, vera litt kul - vil at andre skal lika ho...like godt som dei likar Lisa. Lisa er Nora sin aller beste venn: strålande vakker og populær uredd og sjølvsikker. Nora ser opp til Lisa og har mindreverdighetskompleks. Lisa har kjærast og mange friarar. Nora vil også så gjerne bli elska.
Dei to vennindene kjem på kant med kvarandre på grunn av ei gutehistorie på ein fest. Lisa ignorerer Nora som skal ha lagt an på Lisa sin kjærast, men det har ho ikkje.


Dette er nok ei typisk ungdomsbok.  Det handlar om å vera usikker (både på seg sjølv og alle andre), få kjærast, om å vera populær, om å vera ein god venn, om løgn og sjalusi og ikkje minst om vennskap. 
Boka er kjekk i massevis! Handlinga er fin og språket er kreativt og ungdommeleg. 
Men ei slik framside lovar meir glam og shine og party enn det me får.  Eg fekk ei heilt anna historie enn det eg forventa meg - og hipp hurra for det, jammen! 
Håpar at mange vil lesa og lika Thydell si bok (som btw er oversett av Ingelinn Røssland som eg er big fan av)


Kva har denne boka som ikkje alle andre bøker har:
Nora føler seg kjedelig og uspesiell - men forteljinga hennar er krydra med "Noriske ordtak" (ordtak som  ho har kome på og skrive ned undervegs, som t.d "When it comes to love er alle som trettenåringer tydeligvis") Dette diggar eg!  Morsomt! Festleg og småironisk.


GOD BOK TIL ALLE

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar