fredag 23. september 2011

Og so hundre år, då?!

Hahahaha, eg ler!
Denne var fin!

Allan Karlsson har levd eit langt liv. Langt og innhaldsrikt. No bur han på pleieheim - han er 100 år og dagen skal feirast med kake og borgarmeister til stades. Det er berre det at Allan Karlsson ikkje trivst så godt på pleieheimen. Det er vanskeleg å få seg ein dram der. Og ein dram (eller fleir) er noko som Allan Karlsson set svært høgt. Han vil ikkje vera med på feiringa. Utan å reflektere over konsekvensane klatrar han ut av vindauga og går (dårleg kledd og med berre tøflar) sin veg mot næraste stasjon.
Allan Karlson er ein enormt optimistisk fyr. Han får seg fort  vener. Desverre kjem han i skade for å stela ein koffert på ferda. Dermed får han seg fort uvener og. På finurleg og humoristisk vis har Allan og dei nye venene hans etterkvart både politiet, ein narkobande og...dei fleste andre etter seg på sitt absurde og ville eventyr.
Allan fortel frå livet sitt. Eit liv fullspekka av hendingar. Det er villt og det er morro. Sjølv om Allan er totalt apolitisk og nektar å høyre på eller ta del i potitiske diskusjonar, har han likevel hatt nøkkelroller i mange av dei historiske hendingane  på 1900-talet. Faktisk er han  personleg skuld i mykje av det som har skjedd i verda. Han utvikla atombomba, redda kona til Mao, drakk  i lag med president Harry Truman, blas Vladivostok til himmels og var i ein periode Gulag-fange. -for å nevne noko. Allan formidlar desse dramatiske hendingane på ein enkel, lun og sjølvsagt måte.
For ein mann!
Allan fasinerar meg. Han er fullstendig sorglaus og fri for bekymringar. Han har ein tilpassingsevne som er utruleg! Så lenge han får ein dram, er alt greitt. 
Eg lo mykje. Romanen er totalt urealistisk og deilig. Eg veit ikkje kva eg skal samanlikne den med. Dette er ulikt alt anna eg har lese. Eg får assosiasjonar til Forrest Gump - men Hundreåringen er humor -i bøtter og spann!

4 kommentarer:

  1. Den begynner litt seigt syns jeg, men så tar den jo bare av... Morsom!

    SvarSlett
  2. Takk for kommentar! =0)
    Har du lese Tordengudens sønn? den syns eg hadde seeeeig begynnelse...

    SvarSlett
  3. Paasilinna er ikke helt my cup of tea... Selv om alle andre liker ham!

    SvarSlett
  4. Eg forstår kva du meinar. eg har likt nokre av dei. Men eg har ikkje lese alle.

    SvarSlett