"Det har vært en fantastisk sommer, selv om pappaene våre har blitt homo."
Dette er første setningen i boka med den fantastiske tittelen!
Det er litt sånn "pang! Rett på!" og ganske morsomt.
Boka, som i tillegg til den diggbare tittelen også har eit gult, kult omslag, er interessant! åja!
Det handlar om Arvid.
Vanlegvis reiser Arvid med mamma og pappa til syden på ferie. Men mamma og pappa er blitt skilde, og pappa har trong økonomi og elendig humør. Arvid og Pappa er difor på campingtur i ei gammal, lånt campingvogn. På landet. Langt utpå landet, faktisk. Det er så langt utpå landet at det einaste som er av turistattraksjoner er ein utedo med diskokule og diskomusikk.
Det er eitt jevnaldrande menneske i nærleiken: Indiane!
Ja, Arvid og Indiane er nok like gamle, men Indiane har kome kjempelangt inn i puberteten. Det har ikkje Arvid. Han vil helst ikkje ha så mykje med jenter å gjere. Minst mogeleg.
Pappa og Roger, pappaen til Indiane (det er han som har bygd den utedoen) blir fort venner! Roger er morsom og flink. Han trenar mykje (og går ganske ofte i bar overkropp!), er flink å byggja (handyman!), han er sjarmerande og blid og veldig homo.
Det blir ganske stress for Arvid å passe på at Roger og pappa ikkje får så mykje tid ilag.
Dette er ei kjempemorsom bok om ein campingferie der alt går HEILT på trynet! Eller...det går verfall heilt annleis enn det Arvid (som EIGENTLEG heiter Arvidsjaur, men det prøver han å halda hemmeleg! Haha!) håper.
Eg lo høgt. Mange gonger!
Les og nyt, folk! Fin bok!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar