fredag 11. januar 2013

Janne, min venn : Peter Pohl



Janne, min venn er ei bok som eg kanskje aldri blir ferdig med. Ei heilt enormt bra og fantastisk bok. Den er mystisk, spesiell vond og nydelig, vanskelig og fin. Og sterk!
Dette er nok den boka som har gitt meg mi aller største lesaroppleving.
Det er Krille som er hovudpersonen, det er han som fortel si (og Janne si) historie.
Janne berre dukkar opp. Han brasar inn i Krille sitt liv. Janne og sykkelen hans. Janne med det fantastiske, raude håret. Ein dag er berre Janne der. Han kræsjlandar inn i Krille sitt liv - og blir der.
Så ein dag står politiet på døra, med janne sin øydelagte sykkel. Janne er forsvunne...!?
FOR EI BOK!
Den er fantastisk! Janne er fantastisk! ..... så vond og sår, og viktig! Vennskapet som veks fram mellom Krille og Janne er nydeleg, heilt spesielt! Det står så mykje mellom linjene. Og så er det veldig mykje som IKKJE står der...Kven er den mystiske Janne og kva er det som skjer med han?
Nei, eg blir nok aldri ferdig med Janne, min venn.
Det er lenge sidan eg las den. Eg las den for fyrste gong då den var heilt ny og eg var ungdomskulejente.
No skal  eg jammen lesa ho  igjen!

Gjer det du og!
Spring til biblioteket! LES,MIN VENN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar